Eg har lenge tenkt at eg skulle prøve å sy ei vid dongeribukse til meg sjølv. Stoffet er mørk blå stretch dongeri frå S&S, og mønsteret er i utgangspunktet frå Onion (trur eg). Eg har gjort ein del forandringar her og der, så resultatet er vel eit stykke frå orginalmønsteret. Buksa skulle eigentleg hatt ein skjult glidlås midt bak, men sidan eg ikkje er så glad i å sy i glidlås og ikkje får det skikkeleg fint, droppa eg det. Då det er stretchstoff går det greit å ta på buksa utan glidlås, så det gjekk fint!
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettDa va kje meining:) buksa såg veldig fin ut! Du sku tatt eit bilde med ho på? :)
Slett