Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

søndag 26. august 2012

Dongeribukse med lommer

Som nemt er ikkje eldstemann så begeistra for strame bukser, og sidan eg ikkje synes det er sånn kjempestas å leite etter passande bukser på ørten butikkar, synes eg det er like greit å berre sy dei sjølv. Denne buksa er i tynn, mjuk dongeri, med ribb oppe og nede. Bak har eg laga to lommer med litt sløyfeband til pynt. Eg reknar med det kjem fleire liknande bukser til dei to andre med tida:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)