Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

søndag 27. mai 2012

Endeleg ferdig med sommarkjolane!

Dette mønsteret har eg lenge tenkt eg skulle bruke til å sy sommarkjolar av til dei to eldste jentene, men sidan mønsteret var på engelsk og det såg litt innvikla ut så har kvidd meg litt til å byrje. Men sidan sommaren plutseleg var her fekk eg press på meg til å sette i gang, og det var heldigvis ikkje så vanskeleg som det såg ut. Eg hadde ein plan om å vere ferdig til Maren sin bursdag som var i går, og det gjekk akkurat. Kjolen i rosa og lillatonar er Maren sin og eldste jenta valgte turkisfargar til sin kjole. Begge var fornøgd med resultatet, så det var bra:)
(Mønsteret: Felize partydress, stoff fra S&S og litt frå andre plassar.)







2 kommentarer:

  1. Dei var kjempe fine=) Så sommarslige og flotte.

    SvarSlett
  2. Gu så fine! Og da såg jammen vanskelig ut! Gratulera med overstått til Maren:)

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)