Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

torsdag 8. mars 2012

Body og bukse til Ida

Eg syntes Ida hadde veldig bruk for ein ny body og ei bukse, så då var eg rett å slett heilt nødd til å sy litt;) Etter inspirasjon fra buksene på bloggen Heilt Spesiell ville eg lage lommer som passa til body stoffet. Det vart liksom litt meir med buksa då, enn om ho berre hadde vore einsfarga. Kantane på lommene er kanta med same stoff som kantinga på bodyen. Stoffet i bodyen er kjøpt frå utlandet, usikker på kva butikk, og buksestoffet er frå stoff og stil. Mønsteret på buksa er eit modifisert mønster frå onion, trur eg, og mønsteret på bodyen er frå Heilt Spesiell. Størrelse er 2/3 år og mottakaren var svært nøgd med at ho kunne gå rundt med nevane i lommene;)

4 kommentarer:

  1. Så fint det var, utrolig herlig stoff!

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Må jo bli bra med så bra mønster;)

    SvarSlett
  3. For et herlig gladsett! Likte godt det mønstrede stoffet:)

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)