Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

onsdag 29. februar 2012

Redesign

Eg hadde eit fotsidt skjørt som berre låg i skapet og tok opp plass, det var altfor langt til meg og det er liksom ikkje så ofte eg går i skjørt av denne typen. Så tenkte eg at kanskje eg kunne sy litt om på det i staden for å kaste det eller gi det vekk. Sidan stoffet og fargen var fin, tenkte eg at det kunne bli ein litt kortare kjole. Nederste delen kunne berre vere som den var, men øverste del av skjørtet har eg klypt om til bærestykke. Det var akkurat ikkje nok stoff til at det gjekk sammen på skuldrene, men linninga på skjørtet kunne fint brukast til selar. Det vart ein kjole med empireliv, og akkrat nok stoff til ein liten blom til pynt.









1 kommentar:

  1. wow sier jeg bare, bøyer meg i støvet. Du er knallflink å sy ;)

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)