Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

torsdag 16. februar 2012

Julakjole

Då eg synes det er veldig fint med kjole i mørkeblått, og eg ikkje kunne finne nokon som var passelege til eldstejenta på sju år, tenkte eg at eg kunne sy ein til ho. Grunnmønsteret er frå ei mønsterbok eg har, og med litt modifisering vart det bra. Kjolen er sydd i heilt mørkeblå speilfløyel, med fora bærestykke og knappar på ryggen. Sidan dette skulle vere ein julakjole, syntes eg det vart fint å sy stikningane i sølv, og med litt sølvmotiv framme på bærestykket. Det var ikkje lett å få fine bilder av dette stoffet, men for at ikkje alt skulle sjå svart ut måtte bileta verte sånn.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)