Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

mandag 23. januar 2012

Kjolar til jentene

Eg hadde ein god del kvit velour liggande som eg ikkje heilt visste kva eg skulle bruke til. Det endte med at eg sydde kjolar til dei to eldste jentene. Den første vart sydd litt fort før eldstejenta skulle i eit selskap, alltid greit å ha litt press på seg for å få ting gjort. Denne fekk ermar og lomme i blått stoff med ugler på. Kjole nummer to, som vart laga ei stund etter, fekk rosa ermar og lomme. Mønsteret er eige og stoffa kjem fra litt rundt om kring:)


1 kommentar:

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)