Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

torsdag 26. januar 2012

Hettekjole

Sånne hettekjolar er det jo mange som syr, eg har vært inne på fleire bloggar og sett mange fine eksemplar! Tidlegare har eg sydd ein i vanleg fleece, men den vart så varm at eg helst berre kan bruka han ute. Denne er sydd i microfleece, som er litt tynnare, men eg syns no denne òg vart varm... Uansett, det var ganske enkel å greit å sy, alle delane er overlocka saman så det gjekk raskt. Sidan dei fleste mønster er for lange i ryggen til meg måtte eg flytte litt på ting for å få innsnitta på rett plass til meg, men det gjekk fint etter litt av og på med kjolen for å sjå;) Hetta er fort med samme stoff som er på applikasjonane nede på skjørtet. Stoffa er fra S&S.



2 kommentarer:

  1. Knallfine! Og dei ballongbuksene var råtøffe, e så behagelig me sånne bukser til ungane! Må ein ha spesialmaskin for å sy med ribb? Du må sjekke ut denne bloggen, ei eg har gått på skule med som strikkar og syr:
    komadyret.blogspot.com

    SvarSlett
  2. Takk:) Eg har ein overlock som eg syr blandt anna ribben på, men eg har brukt den vanlege maskinen til det og. Eg har ein saum som ser litt sånn ut --^--^-- på maskinen, og den funkar godt. Ja, eg er innom den bloggen å kikkar med ujamne mellomrom, mykje fint!

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)