Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

lørdag 2. juli 2011

Stripete body

Denne bodyen vart laga for ei stund sidan til niesa mi på to år, men han vart litt for kort på armane og litt stram rundt låra, så då kan minstemann her i huset bruka han etterkvart. Halsen er laga som på ein vanleg genser, så då slepp ein å styre med knappar på små travle born. Stoffa er frå "The Fabric Fairy" trur eg iallefall;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)