Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

lørdag 2. juli 2011

Laaang t-skjorte til mannen

Mannen min synest som oftast at t-skjortene på butikken er i kortaste laget, spesielt etter eit par vask. Om dei skal verte lange nok må han opp fleire størrelsar, og då vert dei veldig vide og store. Så eg tenkte at eg kunne prøve å sy nokre lange og passeleg vide t-skjorter til han. Han syntes og det kunne vere kjekt med eit trykk på så dei ikkje vart så kjedeleg og einsfarga, så då var det å finne motiv og trykke på med tekstilmåling. Mottakaren vart fornøgd, så eg må nok lage fleire slike. Stoffet er ribb fra S&S, som det er litt kraftigare enn vanleg t-skjortestoff. (Mønsteret er eige, størrelsen er lang M, pris 300)

1 kommentar:

  1. Den var veldig kul, må bestilla sånn:)

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)