Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

tirsdag 12. juli 2011

Barselsgåve til ein fin liten gut

Dette settet i kvitt og lyseblått er sydd til ein ganske så ny liten gut som bur rett over vegen. Bodyen er av jersey og kanta med interlock, buksa er i mjuk velour med bråt oppe og nede i samme stoff som bodyen. Buksa skulle i følge mønsteret vere samme størrelse som bodyen, men det er ikkje så vanskeleg å sjå at ho er ein størrelse eller to større. Bodyen er størrelse 50 og buksa vil eg tru er størrelse 56/62.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)