Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

lørdag 4. juni 2011

Undertøyssett med soppar

Eg synes ofte at trøyer eg kjøper på butikken vert mindre og mindre for kvar gong eg vaskar dei, sjølv om det står i vaskeanvisninga at dei tåler tørketrommel. Eldstejenta er seks år og og brukar størrelse 116/122 alt etter kva plagg det er, men trøyene vert altfor korte etter eit par vask. Så då tenkte eg at eg kunne heller sy eit par til ho, og då kan dei jo vere så lange at dei går an å ha oppi buksa og. Ho fekk velge stoff sjølv, så då vart det soppstoffet fra Stoff&Stil. Då eg først var i gang, laga eg matchande truse til så det vart eit sett.Mottakaren vart svært fornøgd med resultatet, så det vert nok fleire slike sett med tida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)