Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

onsdag 8. juni 2011

Sett til minstejenta

Som nemnt tidlegare, er eg veldig glad i knytebuksene. Derfor måtte det bli eit sett til minstejenta med matchande bukse og body. Skal ikkje sjå vekk frå at det vert fleire slike sett etterkvart. Buksa er sydd i brun velour fra S&S og er kanta med rosa interlock. Stoffet i bodyen har eg kjøpt på nett ein eller anna plass, og var veldig behagelig i kvaliteten, supert til denne typen plagg. På bodyen fekk eg mulighet til å prøve ut om dei nye trykknappane og presseverktøyet fra Kina passa i knappepressa, og det gjorde det heldigvis!

2 kommentarer:

  1. Hei, så mye fint du lage ;) Holde på å lera meg å sy, så her ser eg det finnes masse bra inspirasjon ;) (ps. Renate så tipa meg om siå di ;))

    SvarSlett
  2. Så kjekt med tilbakemelding:) Eg var inne og såg på bloggen din, kjempemykje fint!

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)