Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

lørdag 18. juni 2011

Retrobukse til minsten

Minstejenta hadde plutseleg veldig få bukser som var passelege, og sidan det i følgje kalenderen skal vere sommar, så tenkte eg at ei sommarbukse var på sin plass. Denne er sydd av eit gammalt dynetrekk og sett på ribb i livet og nede på beina. Buksa vart super på, med god og vid passform. Det vert nok eit par slike til av andre dynetrekk fra 70 talet. (størrelse 92, eige mønster)

1 kommentar:

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)