Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

søndag 22. mai 2011

Toalettveske/sminkepung

Ei veninne av meg skulle ha ein liten bursdagsfeiring og eg trengte ei gåve å ha med. Då eg overvurderte eigen evne til å sy kjempefort rett før eg skulle gå, endte det med at eg vart litt forsinka i selskap;) Men mottakaren vart fornøgd, så det gjekk greit. Toalettveska/sminkepungen er sydd i bomullsstoff, og fora med vatt. Innsida er og i bomullsstoff, så den kan vaskast i vaskemaskin om det skulle bli nødvendig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)