Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

mandag 30. mai 2011

Heildress/leikedrakt

Eg har lenge tenkt å sy ein leikedrakt til minstejenta Ida, men det har vorte utsett då det har vore litt tiltak å lage mønster. Men no var det gjort, så då var det berre å prøve om det fungerte. Det gjorde det i og for seg, men knappinga framme kom ikkje midt på, då eg ikkje følgde heilt med i timen på forklaringa. Sånn kan det gå når ein brukar to ulike framgongsmåtar og sett dei saman til ein... Då veit ein det til neste gong. I utgangspunktet syntes eg stoffet var ganske jentete, med blomar og alt, og tanken var å kante med kvitt. Men så er det ikkje så praktisk med kvit på armane, derfor vart det brunt. Så då drakta var ferdig var ho ikkje så jentete likevel, men det får no berre vere, koseleg vart ho likevel:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)