Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

søndag 8. mai 2011

Betre seint enn aldri....

I haust ein gong kjøpte eg noko fleece på Stoff og Stil med tanke på å sy hettekjolar til dei to eldste. Dei er så glad i å gå med skjørt eller kjole i barnehagen, og då hadde det jo vore midt i blinken med varme fleecekjolar. Så etter å ha utsett det eit par gonger, vart dei endeleg klare til påske. Då var det jo ikkje særleg kaldt lenger, men me får håpe dei er passelege til hausten att òg då. Kjolane er nesten like, berre litt forskjell på antall applikasjonar og fargen på knappen i hetta. Hettene er fora med jeresy, og eg har sett på ribb på armane så dei ikkje blir så lause rundt handledda. Mønsteret er eige.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)