Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

tirsdag 24. mai 2011

Barselsgåve til ei søt lita jente

For nokre veker sidan fekk ei veninne av meg ei lita jente, så då sydde eg dette settet i barselsgåve. Bodyen er i rosa mønstra jersey, kanta med rosa interlock, og sparkebuksa i rosa velour, kanta med stoffet i bodyen. I tillegg laga eg fire mjuke vaskeklutar, som og er kjekke som koseklutar. Settet er i størrelse 56.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)