Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

torsdag 31. mars 2011

Selebukse og bluse

Etter ein liten feilbestilling på nettet har eg ein del speilfløyel som eigentleg skulle vore velour, men ein får jo berre gjere det beste ut av det;) Så då vart det selebukse til minstejenta. Ho er snart 15 månadar, så eg tenkte at det var like greit å sy det litt stort, så settet er i størrelse 2 år. Men det vart nok i største laget, så blusen er kjole enn så lenge og buksa får ligge bakerst i skapet til hausten nærmar seg. Blusen er sydd i mjuk flanell med raglan ermar, mønsteret er eige,  og buksa er i brun speilfløyel, mønsteret er frå boka "Børnetøy du selv kan sy"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ein kommentar, så er det veldig kjekt:)