Litt om meg

Mitt namn er Silje Lauksund, eg er gift og mor til tre jenter. Eg likar å drive med diverse håndarbeid, men det er nok syinga eg likar best. Det har vel med den litt dårlege tålmodigheten min å gjere, for det går mykje fortare å sy eit plagg enn å strikke det;) For det meste syr eg til eget bruk, og litt på bestilling til vener og kjente.

søndag 24. februar 2013

Genser med gulldråpar

Då eg fann dette stoffet på S&S tenkte eg at det passa bra til ein genser til meg sjølv. Eg har eit gensermønster som eg har laga sjølv, og det brukte eg som utgangspunkt. Med litt endringar i halsen og med lengre bråt på armane og nede vart genseren ganske ulik orginalmønsteret.


mandag 21. januar 2013

Skjørt og bluse til Siren

Dette settet vart sydd til første skuledag etter sommarferien, men ting tar tid så eg har ikkje fått lagt det ut før no! Både skjørtet og blusen har utgangspunkt i eit mønster frå boka "Making childrens clothes", men med diverse endringar. Eg hadde lyst at skjørtet skulle vere litt "fyldig" så eg laga eit underskjørt med rynkekant nede . Blusen var veldig vid i fasongen, så for å få litt meir passande form sette eg inn knyteband i sidene. Skjørtet er sydd i babycord, og blusen er sydd i bomull og kanta med satengkantbånd. I ryggen på blusen er det trykk-knappar.




torsdag 15. november 2012

Joggebukser til jentene

Joggebukser til jentene i isoli fra S&S med symerke fra samme plass. Dei to eldste fekk lilla med lilla og blåstripete jersey i livet og nede på beina, minstejenta fekk heilrosa. Mønsteret er eige.





Hello Kitty dongeribukse

Tynn dongeribukse med lommer og symerke med Hello Kitty til Ida. Alt med Hello Kitty på er jo ein hit, så mottakaren var særs nøgd med buksa;) Buksa er veldig enkel med ribb i livet og strikk nede på i beina, mønsteret er eige og stoffet er fra S&S.




tirsdag 30. oktober 2012

Skjørt i bursdagsgåve

Eldstejenta skulle i bursdag til ei veninne som flytta for ei tid tilbake, så då vart det sydd eit snurreskjørt i gåve. Litt tynn og mjuk dongeri fra S&S, pynta med symerke og blonde fra samme plass.







fredag 19. oktober 2012

Dongeribukse med bisebånd

Denne buksa vart sydd før sommaren, då plutseleg alle buksene i skapet var blitt for små. Stoffet er fra S&S og mønsteret er eige. Synes det vart ein fin effekt med bisebånd i sidene, og eit lite symerke pyntar jo litt opp.


Kjole til meg og shorts til Ida

Kjole fra Stoff og Stil katalogen med minimalt med endring. Eg har berre tatt vekk noko pynt framme ellers er han lik som på bildet i katalogen. Kjolen vart grei den, og i tillegg var det litt stoff att som vart nok til ein shorts til minstejenta:)



Genser med ruffler

Genser til meg med ruffler! Veldig grei måte å pynte opp ein ellers ganske enkel genser. Stoffet fann eg i billigkroken på S&S og mønsteret er eige. Genseren skulle eigentleg vere litt meir "posete" over bråtet, men det vart no ikkje heilt sånn. Resultatet vart likevel greit det, så eg kjem nok til å lage fleire gensrar av dette mønsteret.



Joggebukse med lommer

Joggebukse med store lommer til Maren. Sydd i velour fra S&S og stoffet i lommene trur eg er fra The FabricFairy. Mønsteret er eige.


tirsdag 2. oktober 2012

Bursdagssett til 2-åring

Dette settet er sydd til Torbjørn som vart to år i september. Buksa i flaskegrønn babycord fra S&S er sydd etter mønster fra Ottobre 04/12 og genseren i Jersey og ribb er sydd frå eige mønster. Buksemønsteret var veldig kjekt, artig med litt detaljar. Eg kjem nok til å lage fleire bukser etter dette mønsteret, då det passar til både jente og gut.



fredag 28. september 2012

Bursdagsgåve til 1 åring

Dette settet vart sydd i gåve til ein liten gut som vart 1 år i sommar. Mønster på buksa og stoff er frå Stoff og Stil, mønster til bodyen er fra Heilt spesiell. Størrelsen er 86.


onsdag 26. september 2012

Dongeribukse til meg

Eg har lenge tenkt at eg skulle prøve å sy ei vid dongeribukse til meg sjølv. Stoffet er mørk blå stretch dongeri frå S&S, og mønsteret er i utgangspunktet frå Onion (trur eg). Eg har gjort ein del forandringar her og der, så resultatet er vel eit stykke frå orginalmønsteret. Buksa skulle eigentleg hatt ein skjult glidlås midt bak, men sidan eg ikkje er så glad i å sy i glidlås og ikkje får det skikkeleg fint, droppa eg det. Då det er stretchstoff går det greit å ta på buksa utan glidlås, så det gjekk fint!



tirsdag 18. september 2012

Barselsgåve

Dette settet vart sydd i barselsgåve til ein liten gut for ei tid sidan. Dressen er sydd fra eit mønster fra Stoff og Stil i størrelse 62, hua er teikna av frå ei anna hue eg hadde liggande. Stoffet er kjøpt frå The Fabric Fairy.

 

søndag 26. august 2012

Dongeribukse med lommer

Som nemt er ikkje eldstemann så begeistra for strame bukser, og sidan eg ikkje synes det er sånn kjempestas å leite etter passande bukser på ørten butikkar, synes eg det er like greit å berre sy dei sjølv. Denne buksa er i tynn, mjuk dongeri, med ribb oppe og nede. Bak har eg laga to lommer med litt sløyfeband til pynt. Eg reknar med det kjem fleire liknande bukser til dei to andre med tida:)


lørdag 11. august 2012

Knytebukse og genser til Ida

Det er ei stund sidan dette settet vart sydd, men det tar si tid før ting kjem ut på bloggen...) Ida trong ei ny knytebukse som var litt lengre i ryggen, sidan ho heile tida veks og vert større. Denne gongen vart det brun isoli med oransje kanting på buksa og genser i uglestoff frå S&S, armane er i lilla interlock frå Fabric. Mottakaren vart veldig fornøgd med settet sitt, sjølv om buksa ikkje hadde lommer. Til gjengjeld såg det ut som om blomen hjalp på;)